– Det har vore ein del forstyrringar av nattero over heile distriktet i natt, fortel operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Terje Magnussen.
Meldt for forulemping mot offentleg tenestemann
Politiet fekk i løpet av natta inn fleire klagar om høg musikk, men ifølgje Magnussen har det ikkje vore mykje ordensforstyrring i natt.
– Det var ein person i Florø som ikkje klarte å oppføre seg skikkelig. Personen blei sett i drukkenskapsarrest, og er meldt for ordensforstyrring og forumlemping, samt truslar mot offentleg tenestemann, seier Magnussen.
Mistenkt for ruskøyring
Klokka 01.46 stansa politiet ein bil i Nordfjordveien, der ein 19 år gamal mann er mistenkt for ruskøyring.
– Vi har beslagslaga førarkortet og tatt nødvendige prøver, seier Magnussen.
Også i Sogn blei ein førar stansa.
– Ein mann i 30-åra promillekøyrde. Politiet kom i kontakt med personen, og fekk tatt nødvendige prøver der også, fortel Magnussen.