Vingla så mykje at politiet måtte rykke ut

Ein førar køyrde så vinglete at publikum reagerte.

DEL

Ein mann i trettiåra vart i natt fotgjengar. Han køyrde så mistenkeleg at møtande bilist tipsa det inn til politiet.

– Klokka 0309 kom det inn melding frå forbipasserande, som reagerte på at bilen vingla og merkeleg køyring. Meldar snudde difor, og køyrde etter mannen. Han såg då at tre-fire pålar på autovernet var knekt, og at det var noko nedsig på vegen, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet.

Køyrde i fylla

Politiet stogga mannen på E39 ved Langeland.

– Han bles over ein i promille, og vart teken med til Sunnfjord legevakt for blodprøve, seier Kolltveit.

Førarkortet til mannen er inndrege.

– Det er mistanke om at bilen har vore borti autovernet, seier Kolltveit.

Det vert oppretta sak, og Vegtrafikksentralen er varsla om skadane på autovernet.

– Mannen vert fotgjengar ei stund, seier Kolltveit.

Artikkeltags