Problem på Lavik – Oppedal: Eit vogntog måtte bergast

DEL

Statens vegvesen melder litt over halv eitt at C-ruta, MF Stavanger, vart innstilt inntil vidare grunna bilberging av eit vogntog.

– Det som har skjedd er at eit vogntog har køyrt på ei søyle på ferja og punktert. Vogntoget er fullasta og kan ikkje køyre vidare. Bilbergar er bestilt og det er estimert at den vil vere på plass om ca. ein time, opplyste Idar Sangolt på Vegtrafikksentralen.

I 16-tida var ferja tilbake i normal drift.

I tillegg fekk ikkje Ampere, b-ferja på ruta, lade. Det resulterte i at den måtte stå over to rundturar. Avgangane 13.10, 13.40, 15.10 og 15.40 vart innstilt.

Har du bilde frå staden? Tips oss!

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags