Problem på Hemsedalsfjellet fører til kolonnekøyring gjennom tunnelar på E-16

DEL

Statens vegvesen melder at det er problem med to trailerar som har køyrt seg fast på Hemsedalsfjellet på riksveg 52.

Bilane har stått der ei stund, men trafikken har i periodar blitt dirigert forbi.

Klokka 19.45 melder Vegtrafikksentralen at det har vore ei ny hending på same staden som dei to trailerane har problem. To køyretøy skal ha støytt saman, og vegen er stengt.

Klokka 20.00 kjem Statens vegvesen med oppdatering, og seier at Hemsedalsfjellet er stengt på grunn av bilberging, og at det er omkøying via europaveg 16.

Ein halvtime seinare, klokka 20.30 vert det meldt om kolonnekøyring gjennom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen på E16.

Årsaka er at det er opphoping av tungbiltrafikk på Hemsedalsfjellet, der det har vore stengt i timesvis på grunn av tungbilberging.

Artikkeltags