Gå til sidens hovedinnhold

Problem med ladestasjon på Lavik – Oppedal

Artikkelen er over 1 år gammel

Ferjesambandet har redusert kapasitet torsdag ettermiddag og kveld.

Vegtrafikksentralen Vest melder torsdag klokka 17.15 at ferjestrekninga Lavik – Oppedal har tekniske problem.

Problemet er ved ein ladestasjon, og grunna dette opererer ferjesambandet no med redusert kapasitet.

Den første innstilte avgangen er frå Oppedal klokka 17.40.

Seinare melder Norled at ladeproblema har vedvart. Også 21.10-avgangen frå Lavik og 21.40-avgangen frå Oppedal er innstilt grunna dei tekniske problema med ladestasjonen.

Her kan du sjå oppdaterte ferjemeldingar.

Kommentarer til denne saken