Vegtrafikksentralen Vest melde klokka 20.09 fredag kveld at 20.10-avgangen frå Lavik utgjekk.
Årsaka var tekniske problem med ladestasjonen.
Problema gjorde også at 20.40-avgangen frå Oppedal ikkje gjekk.
Det vart ikkje meldt noko om når det var venta å vere ordinær drift att på E39-sambandet, men trafikkoperatør John Andreas Omdahl ved Vegtrafikksentralen Vest fortel seinare at det berre var desse to avgangane som vart kansellerte.
– Det er no normal drift på sambandet, seier han.