Det kjem fram av undersøkinga til Ruralis (Institutt for rural- og regionalforsking) at 80 prosent av folk i distrikta oppgir at dei bur i einebustader eller gardsbruk, og at dei køyrer fossilbil.

– Det at straum og drivstoff blir dyrare gjer at bedrifter må heve prisane til kundane. Eit eksempel på dette er at til dømes handverkarar, som må auke prisane for å kompensere for høgare drivstoffprisar. Det fører til at det blir dyrare å byggje hus, og det vil ramma distrikta hardare enn byane, seier Ruralis-forskar Jostein Brobakk.

Han peikar på at marknadsprisen for hus alt er mykje lågare i distriktet enn i byen, og med auka prisar på innsatsfaktorar vil denne differansen auke. Dermed blir både næringslivet og innbyggjarane i distrikta hardare ramma enn dei som bur urbant, meiner han.

– Bøndene er låste i eit system som gjer det vanskelegare å finne alternativ som reduserer utgiftene. Ein bonde kan ikkje utan vidare overføre auka kostnader til kundane på same måte som andre bedrifter. Det kan føre til at fleire gardsbruk blir lagde ned, seier Brobakk.

Brobakk trur også at prisen på fossil energi i ei rein marknadstenking kan føre til ein større vilje til å skifte til fornybar energi.

Ruralis er eit tverrfagleg miljø innan tverrfaglege rurale studiar med hovudkontor i Trondheim.

(©NPK)