Fylkesdirektøren prioriterer rassikring av fv. 609 Heilevang i 2023.
Det melder ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune til Firda.
Vegstrekninga mellom Førde og Askvoll er ofte stengd på grunn av ras eller fare for ras. Seinast fredag fekk Firda tips om at småstein hadde rasa ned i vegen.
Hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune skal gå gjennom saka på eit møte 24. mai. Deretter skal Finansutvalet handsame økonomiplanen for 2023-2026 1. juni.
Dermed blir det opp til politikarane om dei gjer som administrasjonen tilrår.
Firda kjem tilbake med meir.
Les meir om saka her:
Prosessen med reguleringsplanen så langt:
- Planforslaget blei lagt ut på offentleg høyring i midten av desember 2021, med høyringsfrist til 11. februar 2022.
- NVE og statsforvaltaren bad om utsett høyringsfrist og fekk to veker forlenga frist, til 25. februar.
- 18. februar blei det halde eit avklaringsmøte med Statsforvaltaren, der dei fekk svar på fleire av innspela dei hadde til planen.
- 22. februar varsla NVE om at den geotekniske rapporten for kvikkleirevurdering ved Heilevang måtte gjennom ein tredjepartskontroll før dei kunne sende sine merknadar til planforslaget. Asplan Viak har utført denne kontrollen og signert ut rapporten.
- Den 10. mars varsla NVE om at flaumfarevurderingane for tre delområde i planen ikkje var av tilstrekkeleg kvalitet, og at det er behov for meir detaljert utegreiing av desse områda. Dette gjeld vassdraget ved Heilevang og Hestvika, og deponiområdet ved Rørvika.
- Arbeidet med utgreiinga er starta opp av Asplan Viak og skal vere ferdigstilt i løpet av veke 17, seinast 29. april.
- Vidare må NVE få oversendt utgreiingane og ferdigstille sitt innspel til planen. Statsforvaltaren er avhengig av å få dette på plass før dei kan sende si endelege uttale til planen.

Les også
Kom inn krav lenge etter høyringsfrist. No er dei redde rassikringsplanane på fv. 609 ikkje skal nå den avgjerande fristen

Les også
Om lag 20 slike ferske rotvelter ligg over fv. 609 ved Hundsåna. Dei blir ikkje fjerna

Les også
No er rassikringsplanane forbi Heilevang klare. Slik ser dei føre seg tunnelen

Les også
Fylkesordføraren skuldar på administrasjonen for Heilevang-forvirring. Trur uansett at rassikring vil bli vedteken

Les også
Rassikring av Heilevang: Sunnfjord protesterer mot utsettinga, men Åsmund meiner det uansett neppe vil komme i 2022

Les også