Endre adresse for avisa i ferien? Då må du gi Posten beskjed

MELD FRÅ: Når du skal endre ferieadresse for papiravisa, må du også melde frå til Posten.

MELD FRÅ: Når du skal endre ferieadresse for papiravisa, må du også melde frå til Posten. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det er ikkje lenger nok å berre melde ny adresse til avisa. Frå i år skal også Posten ha beskjed når du vil ha avisa til ei anna adresse i ferien.

DEL

– Det er ikkje lenger tilstrekkeleg å berre informere avisa om midlertidig ferieadresse. No må avisabonnentane også informere Posten om dette for å vere trygg på at avisleveringa blir gjennomført som forventa, seier Ole Morten Ona Ringdal, direktør i det sentrale kundesenteret i Amedia.

Opptil to dagar meir

Dei nye rutinane til Posten gjer at sending av lokalaviser mellom landsdelar tar opptil to dagar meir enn tidlegare. I tillegg må alle avisabonnentar altså informere Posten om ferieadressa si.

– Kvar sommar får kundesenteret mange meldingar frå abonnentar som ikkje har motteke avisa som forventa, dette trass i at abonnenten har gitt beskjed til oss via telefon, e-post eller har registrert midlertidig omadressering via sjølvbetening. Skal du vere sikker på at avisa blir levert korrekt, må du altså i tillegg registrere ferieadressa di som tilleggsadresse hos Posten, oppfordrar Ona Ringdal.

Avisabonnenter må også vere klar over at posten sine omleggingar av A- og B-post frå nyttår, inneber at dei som ferierer på en annan stad i Norge utanfor primærområdet til avisa, no kan få avisa ein til to dagar seinare enn før. Dette gjeld dei som får avisene levert av Posten.

Hugs eAvisa og nett

Rutinane for avisdistribusjon med andre selskap er ikkje endra. Ona Ringdal minner samtidig om at alle abonnentar også har tilgang til avisa digitalt, både eAvisa (ein rein digital kopi av papiravisa) og nettavisa.

 

Artikkeltags