Gå til sidens hovedinnhold

Polsk turistbuss med blankslitne dekk måtte hentast av bilbergar

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein polsk turistbuss med 28 thailandske turistar om bord køyrde seg laurdag kveld fast i Aurland i Sogn.

– Bussen var på veg opp stigninga Vassbygdi – Lovisberget då den fekk problem, seier Per Algrøy som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikts operasjonssentral i Bergen.

Ifølgje Algrøy mangla det mønster på fleire av dekka på bussen, og bussen hadde heller ikkje med seg kjettingar.

Turistane og sjåføren vart transporterte til Geilo i drosje. Bussen, som fekk køyreforbod, vart henta av bilbergar og transportert til Lærdal.

– Sjølv om politiet har mynde til å kverrsette førarkortet til utanlandske sjåførar, så valde vi å ikkje gjere det i dette høvet. Det vert likevel oppretta sak etter hendinga, seier Algrøy.

Les også

Først truga mannen forbipasserande. Då politiet kom truga han dei òg. Det skulle han ikkje ha gjort

 

Kommentarer til denne saken