Desse vil nominasjonskomiteen i Høgre ha på fylkestinget

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Nominasjonskomiteen i Vestland Høgre la fredag fram sitt forslag til innstilling til valliste for fylkestingsvalet 2019.

DEL

Nominasjonskomiteen innstiller på Silja Ekeland Bjørkly som fylkesordførarkandidat, melder Vestland Høgre. Noralv Dstad frå Aurland er innstilt som 2. kandidat på lista, medan Hanne Eva Husebø Kristensen frå Kinn står på 5. plass.

Dette er heile deira forslag til innstilling på fylkestinget. Kandidatane frå Sogn og Fjordane er her utheva:

1. Silja Ekeland Bjørkly, Bergen, 2. Noralv Distad, Aurland, 3. Svein K. Halleraker, Stord, 4. Dan Stian Femoen, Bergen, 5. Hanne Eva Husebø Kristensen, Kinn, 6. John Andre Kongsvik, Bergen, ungdomskandidat, 7. June Vibecke Knudtsen Indrevik, Øygarden 8. Christer Lilleskare Olsen, Bergen, 9. Sonja Øvre-Flo, Stryn, 100. Karl Vågstøl, Alver, 11. Lise-May Sæle, Sogndal,12. Gunnar Moland, Ullensvang, 13. Iril Schau Johansen, Voss, 14. Chris Jørgen K. Rødland, Bergen, 15. Petter Haraldsen Haugland, Askøy, 16. Tore Fossen, Sunnfjord, 17. Pål Kårbø, Alver,18. Kristin Mjanger, Gulen, 19. Roald Stigum Olsen, Bergen, Senior Høgre, 20. Kari Odland, Bergen, 21. Emil Tetlie Brimsholm, Bjørnafjorden,22. Silvia Haugland, Øygarden, 23. Morten Andreas Hagen, Kinn
Desse frå vårt fylke er er nominerte blant dei 50 øvste 30. Bjørn Hollevik, Kinn, 33. Yamilys Krossøy, Årdal, 36. Olve Grotle, Sunnfjord, 37. Beate Dybendal Nordvik, Gloppen, 38. Sven Flo, Stryn, 40. Vidar Grønnevik, Kinn, 43. Anne Lilleaasen, Sunnfjord, 45. Marta Sofie Vange, Vik, 47. Mirijam Yasmin Bale, Sogndal, 49. Solfrid Fossberg, Sogndal.

I pressemeldinga seier leiar i nominasjonskomiteen, Nils Marton Aadland, seier følgande om innstillinga:

– Vi er glade for å kunne presentere dyktige og motiverte kandidatar frå heile det nye fylket. Dei vil arbeide målretta for å utvikle Vestland til beste for innbyggarar og næringsliv. Ikkje minst er vi stolt over vår fylkesordførarkandidat som har solid politisk erfaring, både frå riks- og fylkespolitikk. Med Silja ved roret får Vestland ein handlekraftig fylkesordførar som ser heile fylket, og som har vilje og evne til å synleggjere og fremje dette flotte fylket både nasjonalt og internasjonalt.


Artikkeltags