Ny Venstre-leiar vil gjere oss til ein hydrogenregion

ARKIVFOTO: Varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård, er ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre.

ARKIVFOTO: Varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård, er ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Jan Henrik Nygård frå Flora er ny leiar i Sogn og Fjordane Venstre. No vil dei mellom anna utvikle Sogn og Fjordane til ein hydrogenregion .

DEL

Sogn og Fjordane Venstre hadde årsmøte i helga. No får dei ny fylkesleiar.

Gunhild Berge Stang stilte ikkje til attval som fylkesleiar. Den nye fylkesleiaren er varaordførar Jan Henrik Nygård frå Flora Venstre.

Han er klar på kva hans viktigaste oppgåve som ny leiar vert:

– Å få fram fordelane med at vi har fått så mange frå fylket inn i regjeringsapparatet, seier Nygård.

Dei han siktar til då er Sveinung Rotevatn, Atle Hamar og Kjartan Almenning frå Sandane.

Rotevatn er statssekretær hos justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug (FrP), Hamar er statssekretær hos klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), og Almenning er politisk rådgjevar for forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

– Det er viktig for meg å ha fokus på medlemmane, og ha litt tettare kontakt opp mot lokallaga, og inkludere dei i fleire av prosessane, seier Nygård.

Gunhild Berge Stang held fram som gruppeleiar i fylkestinget og ordførar i Fjaler.

– No som vi går inn i ein regionreform, ønsker eg å prioritere dei to andre verva, seier ho.

Første nestleiar er Daniel Gangeskar, andre nestleiar er Trude Risnes. Astrid Hoffart, Gunnar Osland, Kariann Myklebust Fagerli og Alfred Bjørlo er styremedlemmer.

Vil gjere oss til hydrogenfylket

Dei vil jobbe for å gjere Sogn og Fjordane til hydrogenfylket.

– Vi har gode miljø på hydrogen i Flora og Høyanger, seier avtroppande fylkesleiar Gunhild Berge Stang.

Nokre av planane i desse miljøa er mellom anna å nytte overskotskraft frå industrien til å produsere hydrogen, bygge ein hydrogenbåt i samarbeid med Br. Aa i Hyen, og etablere ein infrastruktur for hydrogenfyllestasjonar.

Statsministeren hinta i fjor om at dei ville yte draghjelp til hydrogensatsinga i fylket. Sjølv om dei ikkje er vanlege, finst det bilar som går på hydrogen.

I Flora er det mellom anna planar om å bruke avfallsstoffet frå hydrogenproduksjon, oksygen, til eit landbasert oppdrettsanlegg.

– Dette gir lokal næringsutvikling samstundes som vi jobbar for det grøne skiftet, seier Berge Stang.

– Vi veit allereie no at det vil komme hydrogenfabrikkar i Sogn og Fjordane. Vi har næringane og vi har den fornybare krafta. Til dømes har vi kystfarten som har dei største utsleppa og dermed også moglegheit for dei største reduksjonane, seier den nyvalde leiaren.

Nettleige, arbeidsplassar og brusamband

– Vi har vedteke ei fråsegn som er eit signal til regjeringa om at vi ønsker utjamning av nettleiga, seier Berge Stang.

Dei vil løfte fram biblioteka som kulturelle møtestadar, og ber om at det skjer ei justering av fergeavløysingsmiddelordninga, slik at bruene til Atløy og Ytre Steinsund kan realiserast.

I ei fråsegn set dei også søkelys på det dei kallar retten til å ta arbeidsplassen heim. Det må bli bygd ut breiband og fiber, og bli lagt til rette for å spreie statlege arbeidsplassar ved hjelp av heimekontor.

I januar vart det klart at deponimotstandar Ola Elvestuen (V) ikkje kjem til å stogge utsleppet av gruveavfall i Førdefjorden, som landets nye miljøminister.

Fylkeslaget i Venstre ønsker no at det skapast arbeidsplassar av avgangsmassane frå Engebøprosjektet.

– Vi veit at det finst mange konkrete forslag til korleis dette kan gjerast, seier Berge Stang.

GÅR AV: Gunhild Berge Stang går av som fylkesleiar i Venstre for å konsentrere seg om sine verv som ordførar og gruppeleiar på fylkestinget.

GÅR AV: Gunhild Berge Stang går av som fylkesleiar i Venstre for å konsentrere seg om sine verv som ordførar og gruppeleiar på fylkestinget. Foto:

Artikkeltags