Første prognose spår fortsatt borgarleg fleirtal

Artikkelen er over 2 år gammel

Slår den første valgdagsprognosa til, vil Regjeringa kunne bli sitjande.

DEL

Høgre blir spådd til 48 mandat, Frp 29 mandat, KrF blir spådd til åtte mandat, Venstre to mandat. Det gjev dagens regjeringskoalisjon 87 mandat.

den koalisjonen som endar opp med 85 mandat, vil ha fleirtal i Stortinget.

Arbeidarpartiet blir spådd til 50 mandat, Sp 18 mandat, SV 11 mandat, MDG to mandat og Raudt eitt mandat, til saman 82 mandat. 

Men både Venstre og KrF ligg farleg nær sperregrensa, så mykje kan endre seg.

Treffsikre tidlegare

Valgdagsprognoser har tidlegare vist seg å vere ganske treffsikre:

I TV2 si valgdagsprognose i 2013 vart Ap spådd ein oppslutnad på 30,6 prosent. Dei enda opp med 30,8 prosent.

Høgre vart spådd til 24,0 prosent, dei fekk 26,8 prosent.

Frp vart spådd til 16,7 prosent, og enda opp på 16,3 prosent.

Senterpartiet vart spådd til 6,0 prosent, og enda opp med 5,5 prosent.

KrF vart spådd til 6,0 prosent, og enda opp med 5,6 prosent.

Totalt spådde TV2 si valgdagsmåling at dei borgarlege ville ende opp med 93 mandat, dei enda opp med 96 mandat.

Artikkeltags