Lovar kamp for Bioforsk

Artikkelen er over 4 år gammel

Årsmøtet i Ap reagerer kraftig på nedleggingsforslag

DEL

Dag to på Sogn og Fjordane Ap sitt årsmøte, segla nedlegginga av Bioforsk sin forskingstasjon på Fureneset opp som eitt av hovudtema.

Forslaget om nedlegging kom så brått på, at det ikkje er vedteke nokon uttale om saka, men leiinga lovar kamp.

– Dette er ei alvorleg sak, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Les også: – Riv ned viktig pilar

Nedleggingsforslaget kjem i samband med at Bioforsk skal verte slått saman med Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Skog og landskap. Motstandarane av nedleggingsforslaget fryktar at nedlegging vil svekke grunnlaget for å drive effektivt jordbruk i det unike vestlandsklimaet.

Fornuft og fakta

Ho kunne fortelje årsmøtet at næringsavdelinga allereie har sett i gang arbeidet med for å hindre nedlegging.

– Endeleg avgjerd om nedlegging skal verte teken av landbruks- og matminister Sylvi Listhaug, kva makt har då fylket til å påverke avgjerda?

– Vi kan berre bruke fornuft og gode argument, men det meinar vi at vi har. Forskinga som Bioforsk Fureneset leverer er unik for våre forhold, og dei har levert gode forskingsresultat, seier Kjelsnes.

Fylkesordføraren varslar at dei vil be om eit møte med departementet og legge fram argumenta der.

– Vi vil også sjå til andre i nord og sør som er foreslått nedlagt, slik at vi kan stå sterkare saman, seier Kjelsnes.

Les også: Kan stå utan grasforsking

Les også: Uroa for Bioforsk

Både sentrum og periferi

Også Ingrid Heggø tok ordet og lova kamp.

– Dette er ein del av nedlegginga og vi godtar det ikkje. Sjølv om det blir bra på Ås, kan dei ikkje forske på vestlandsjorda.

Heggø får støtte av Kjelsnes.

– Eg er ikkje imot eit styrka sentrum for landbruksforsking på Ås, men vi treng også stasjonar som kan dekke ulike område i landet, seier fylkesordføraren.

Brev frå kommunen

Tidlegare har Fjaler-ordførar Arve Helle også engasjert seg i saka.

Les også: – Det blir ein tung jobb å snu

Fjaler kommune sitt bidrag i kampen for å behalde forskinsstrasjonen på Fureneset er eit brev til ministeren der dei grunngjev sitt syn på saka.

«Fjaler kommune meiner at ei nedlegging av Bioforsk Fureneset vil svekke FoU-arbeidet [forsking og utvikling] knytt til grasdyrking på store delar av Vestlandet. Det vil vere svært uhelding å ikkje ha denne forskingslokaliteten i ein landsdel med spesielle vilkår. Ei overføring frå landsdelar med andre vekstvilkær er på ingen måte dekkande.»

Artikkeltags