DEBATT: Bygg Vestlandsbana over Haukeli!

Av
DEL

Meiningar 

Fleire tar no til orde for at Hordfast-prosjektet skal gjennomførast og betalast med bompengar over 40 år. Men fjordasfalteringa over Bjørnefjorden må stoppast. Det vil truleg vere det største naturinngrepet i Hordaland i nyare tid, seier fylkesmann Lars Sponheim. Det blir enorme klimagassutslepp i bygginga, og det vil låse regionen vår fast i ei gamaldags tenking, kor omsynet til miljøet ikkje blir vektlagt. Dessutan er bompengar ein idiotisk måte å finansiere nye vegar på, seier Lasse Fridstrøm frå TØI.


Det er rett at vi her vest treng betre kommunikasjon med omverda. Men vi må bruke mindre på motorveg og meir på å ruste alle vegane våre for ekstremvêr og til trafikksikring. Dei store investeringsmidla må likevel gå til tog, ikkje til vegar. Vi treng ei ny Vestlandsbane over Haukeli. Ho kan gi reisetid mellom Bergen og Stavanger på 1,5 time, og 2,5 til Oslo. Dette er langt meir framtidsretta enn å svi av 40 milliardar på eit luftslott. Men i dag går nær 90 prosent av jernbaneinvesteringane til prosjekt på Austlandet. Det bør vi ikkje finne oss i.

Det er gamaldags å tru at vi treng meir asfalt på Vestlandet for å konkurrere med Austlandet. Dei Grøne vil i staden verne kystnaturen og seie nei til arealsløsinga som ligg i å satse vidare på privatbilar og trailerar for å frakte folk og gods. Det er på tide å legge bort planane om Hordfast og ferjefri kyststamveg, og starte jobben med å få på plass Vestlandsbana.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags