Rettferd for straumkundane i Sogn- og Fjordane

Av

Det er eit godt og etablert prinsipp at innbyggjarane skal betale likt for samfunnskritisk infrastruktur og tenester, uavhengig av kvar dei bur. Dette bør og gjelde for straumnettet, som ingen klarar seg utan.

DEL

LesarbrevRekninga for dagens samfunnskritiske infrastruktur og tenester, slik som vegar, telefoni, postombæring og politi, er betalt gjennom eit nasjonalt spleiselag der utgiftene vert likt fordelt. Dette spleiselaget gjev innbyggjarane eit reelt val mellom by og bygd. Dersom alle skulle betalt det det faktisk kostar å oppretthalde infrastrukturen og samfunnstenester i området der dei bur, ville busetnadsmønsteret raskt endra seg. Folk ville klumpa seg saman i byområder, og store delar av dette langstrakte, fjellrike og værharde landet ville blitt lagt aude. Dette til trass for at vi, over heile landet, har store ressursar som vi av samfunnsøkonomiske grunnar bør nytta.

Nettet er gløymt

Éin samfunnskritisk infrastruktur er så langt ikkje dekka av dette spleiselaget; Det lokale, norske straumnettet. Kundar i norske nettselskap betalar det det faktisk kostar å byggje, vedlikehalde og drifte nettet i lokalområdet. Dette gjev store forskjellar. Naturleg nok blir nettet langt dyrare per hovud i spredt bebygde områder, og på stader med krevjande natur. Det er også dyrare i fylker med stor kraftproduksjon, ettersom det må investerast tungt for å ta imot produksjonen. Energien vert ofte frakta ut av området og til bystroka. Nettkundene der krafta vert produsert må altså i mange tilfeller betale mykje for at kundar i andre område skal få tilgang på nok og sikker straum.

Frå salderingspost til langsiktige løysingar

Det eksisterte lenge ei utjevningsordning i statsbudsjettet for å redusera dei mest ekstreme skilnadane. Denne ordninga viste seg gong på gong å bli nytta som salderingspost og er i dag fjerna. Difor bestilte Stortinget, etter forslag frå Krf, nyleg ei utgreiing om korleis nettleia skal kunne utjevnast, med frist til hausten for å presentera forslag til ei langsiktig og forutsigbar løysing.

Frimerkeprinsippet, altså at kunden betaler det same for å senda post uavhengig av kvar ho bur, bør kunne inspirera. I energisamanheng tilseier prinsippet at alle kundar skal betala lik pris for nettleige. Avrekning mellom nettselskapa kan deretter foregå heilautomatisk. Når informasjonsflyten frå bruken av nettet frå neste år skal førast gjennom Elhub, ein sentral database som samlar og handterar alle forbruksdata i det norske kraftsystemet, bør det vere enkelt å leggje inn ein funksjon for automatisk avrekning og fordeling.

Oppfordring til styresmaktene

Lokale kraftselskap leverar eit produkt som er heilt naudsynt for samfunnet. Måten selskapa vert regulerte på gjev oss eit stadig og naudsynt press for å halde kostnadane låge – men naturgjevne forhold gjer at nettet mange stader i dette landet er dyrt å byggje og drifte. Vi er opptekne av at kundane ikkje skal påførast ulemper på grunn av kvar dei velgjer å busetje seg. Difor jobbar vi saman med KS Bedrift Energi for å foreslå løysingar. Vi oppfordrar alle lokal- og fylkespolitikarar til å ta omsyn til nettkundane i områdene dei representerar, og arbeide for eit vedtak som gjev ei enkel, langsiktig og rettferdig ordning for kundane utan omsyn til kvar dei sjølve ynskjer å bu.

Artikkeltags