Vil bruke Førdefjorden i forhandlingar om makta i Sunnfjord

KLAR FOR HESTEHANDEL: Åsmund Berthelsen vil ofre eiga makt for å få stoppa dumpingplanane i Førdefjorden.

KLAR FOR HESTEHANDEL: Åsmund Berthelsen vil ofre eiga makt for å få stoppa dumpingplanane i Førdefjorden. Foto:

Åsmund Berthelsen (SV) seier han vil bruke framtida til Førdefjorden i forhandlingar om sentrale maktposisjonar i Sunnfjord kommune. - Kjenner eg Senterpartiet rett kan dei vere villege til å ofre nokre prinsipp for å få makt, seier han til Firda i denne podkasten, som du kan høyre her.

DEL

Sosialistisk Venstreparti er partiet med størst framgang i meiningsmålinga som vart offentleggjort i Firda denne veka. Meiningsmålinga er utført av Infact i det som blir nye Sunnfjord kommune, og SV har 9 prosent oppslutning i målinga. Samtidig får Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) 4.6 prosent på den same målinga. Det tyder på at partia som er mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden blir ein vesentleg maktfaktor i kommunestyret i Sunnfjord.

I Firdapodkasten med Åsmund Berthelsen er han klar på at SV er villege til å støtte ein ordførarkandidat som går imot å gi Nordic Mining konsesjon for planane om gruvedrift. Desse planane inneber mellom anna å dumpe gruveavfall i fjorden.

– Eg kjenner jo Senterpartiet godt frå mitt tidlegare politiske liv. Og får dei lukta av makt så kan dei kaste politiske prinsipp or båten, seier Berthelsen. Håpet til SV er at dei kjem i vippeposisjon og på denne måten kan vere med å sikre at Sunnfjord kommune sender ei fråsegn som stoppar gruveplanane slik dei ligg føre. SV kan då støtte Jenny Følling som ordførar mot at Senterpartiet går imot å gi Nordic Mining konsesjon. Eit godt valresultat for partia som har profilert seg på motstand mot gruveplanane kan altså opna for ein politiske hestehandel der framtida til Førdefjorden ligg i potten.

Høyr også Jenny Følling i Firda-podkasten.

Podkast med Atle Hamar

Artikkeltags