Tek gruveprosjektet til Stortinget

VIL HA NY VURDERING: Dei siste undersøkingane av Engebøfjellet har skapt så store endringar i gruveprosjektets storleik og framtid, at Stortinget bør sjå på saka på nytt, meiner SV-stortingsrepresentant Lars Haltbrekken.

VIL HA NY VURDERING: Dei siste undersøkingane av Engebøfjellet har skapt så store endringar i gruveprosjektets storleik og framtid, at Stortinget bør sjå på saka på nytt, meiner SV-stortingsrepresentant Lars Haltbrekken. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SV vil ha svar frå regjeringa, meiner samfunnsnytten i Engebø-prosjektet vaklar.

DEL

Lars Haltbrekken og SV vil no ha svar frå klima- og miljøminister Vidar Helgesen på om samfunnsnytten i det planlagte gruveprosjektet i Vevring framleis går i pluss. Det skriv Firdaposten.

Bakgrunnen er nyheitene sist veke om at gruveprosjektet vil gje 110 arbeidsplassar når drifta er oppe og går, at levetida for gruva er stipulert til under 30 år mot tidlegare 50 år, og at tida ein ønskjer å drive dagbrot er auka frå 10 til 16 år.

I Stortinget sin spørjetime i dag spør Haltbrekken om Helgesen ser behovet for ei ny samfunnsmessig vurdering av heile gruveprosjektet.

– Dei nye opplysningane endrar føresetnadene for dei løyva som er gitt ganske kraftig, og eg reknar med at klima- og milljøministeren vil dørge for ei ny og grundig gjennomgang av saka, basert på dei siste opplysningane frå selskapet, står det i Haltbrekken si spørsmålsformulering.

Les også: Nordic Mining: – Vi er eit stort steg nærmare realisering

Slutta etter to år som Engebøsjef 

Gruveprosjektet: Etterlyser opplegget for lakseovervakinga 

Artikkeltags