Fekk fornya tillit som toppkandidat

Sveinung Rotevatn fekk onsdag fornya tillit som Sogn og Fjordane Venstre sin førstekandidat. Her er han saman med Gunhild Berge Stang (andrekandidat) og Anne-Mette Hjelle (tredjekandidat).

Sveinung Rotevatn fekk onsdag fornya tillit som Sogn og Fjordane Venstre sin førstekandidat. Her er han saman med Gunhild Berge Stang (andrekandidat) og Anne-Mette Hjelle (tredjekandidat). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Sveinung Rotevatn vart onsdag kveld Sogn og Fjordane Venstre sin førstekandidat til neste års Stortingsval.

DEL

Rotevatn fekk med det fornya tillit frå fylkeslaget til Venstre. Det melder partiet i ei pressemelding etter under onsdagens nominasjonsmøte i Førde.

Samstundes vart det klart at Gunhild Berge Stang er vald som andrekandidat og Anne Mette Hjelle er vald som tredjekandidat.

Rotevatn vart ikkje utfordra av andre kandidatar under nominasjonsmøtet.

– Det har vore ei ære å representere fylket på Stortinget dei siste tre åra. Eg er motivert og klar for å halde fram innsatsen dersom veljarane vil gje meg fornya tillit neste haust, sa Rotevatn til nominasjonsmøtet onsdag.

Under sin takketale la Rotevatn også vekt på dei store utfordringane partiet ser for landet vårt.

– Vi skal tilpasse velferdsstaten ei aldrande befolkning, vi skal integrere flyktningar på ein god måte og vi skal omstille oss frå ein oljeøkonomi til ein fornybarøkonomi. Då meiner eg vi treng Venstre sine liberale og grøne løysingar. Og for fylket sin del er det rett og slett heilt avgjerande med eit sterkt Venstre på Stortinget, sa Rotevatn.

Her er Sogn og Fjordane Venstre si liste ved Stortingsvalet 2017:

1. Sveinung Rotevatn, Eid (1987)

2. Gunhild Berge Stang, Fjaler (1974)  

3. Anne-Mette Hjelle, Førde (1963)

4. Daniel Gangeskar, Vågsøy (1996)

5. Trude Risnes, Leikanger (1971)

6. Jan Henrik Nygård, Flora (1961)

7. Kurt Jevnaker, Årdal (1971)

8. Thea Vie, Førde (1998)

9. Alfred Bjørlo, Eid (1972)

10. Marit Gjerstad, Flora (1978)

Artikkeltags