Det singlar i Høgre sitt glashus

Ingrid Heggø, stortingsrepresentant (Ap).

Ingrid Heggø, stortingsrepresentant (Ap). Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Vi vil ikkje ha nullskatteytarar, og meiner at dei aller rikaste blant oss skal bidra med noko meir til fellesskapet, skriv Ingrid Heggø.

DEL

LesarbrevHøgre sin finanspolitikar Henrik Asheim gjer seg høg og mørk i aviser over heile landet, og forlangar svar om Arbeidarpartiet sin skattepolitikk. Dei svara finst i kroner og øre i våre alternative statsbudsjett. For oss er skatt eit verkemiddel, ikkje eit mål. Derfor skal vi skatte så lite som mogleg, men så mykje som nødvendig. Vi vil ikkje ha nullskatteytarar, og meiner at dei aller rikaste blant oss skal bidra med noko meir til fellesskapet. 

Dette veit Asheim, han har garantert studert våre alternative statsbudsjett, men meiner openbert at at Høgre er tente med å spreie usikkerheit i dette spørsmålet. Det er fordi han sit i glashus. For kven var det som i heile valkampen nekta å svare på kor mykje meir skattekutt dei rikaste skal få? Kven er det som to gongar over natta har auka meirverdiavgifta på hotell og kollektivtransport, og som nektar å svare på kven som får auka avgift framover? Og kven er det som i seine nattetimar har kome med stadig nye avgifter som ikkje er konsekvensutgreidde - plastposeavgift, flyseteavgift og sukkeravgift? Jau, regjeringa og Høgre. 

Her er det òg verdt å minne om at avgiftsauken på snart sju tusen millionar kroner under Asheim og Høgre slår hardast ut for dei med dei lågaste inntektene, og at dei store skattekutta først og fremst kjem dei rikaste til gode. Derfor aukar regjeringa sin politikk forskjellane mellom folk i samfunnet. Dei rikaste får stadig meir, medan dei med minst blir ramma av usosiale kutt. Dette er høgreregjeringa sin skatte- og avgiftspolitikk, og vi forstår at det kan vere ukomfortabelt å snakke om. Men eit seriøst regjeringsparti må faktisk ta ansvar for konsekvensane av sin eigen politikk. 

Artikkeltags