UP vil skjerpe straffa for mobilbruk på vegen

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

HEILE LANDET: Dersom du brukar mobil medan du køyrer kan du hamne nær grensa for å miste førarkortet.

DEL

Talet på trafikantar som døyr i trafikkulykker aukar i sommarmånadene. No ønsker Utrykkingspolitiet (UP) å skjerpe straffa for bilistar som brukar mobiltelefon på vegen, skriv Haugesunds Avis.

Ulovleg mobilbruk, som er blant årsakene til at sommarmånadene er høgtid for trafikkulykker, gir i dag eit forenkla førelegg på 1.700 kroner. No kan den summen auke, skriv ABC Nyheter.

– Dei som har førarkort på prøve, vil få dobbelt prikkbelastning, seks prikkar. Det er farleg nær grensa for å miste førarkortet. Det vil vere eit godt signal å sende ut at det vil verte endå strengare reaksjonar, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Samferdselsdepartementet sende nyleg ut eit forslag på høyring om å prikkbelaste misbruk av mobil under køyring, med svarfrist til september. I høyringsnotatet vert det slått fast at mobilbruk gir frå 22 til 164 gonger høgare risiko for ulykker, enn ved vanleg køyring.

Det er spesielt om sommaren risikoen er høg.

– Det er dessverre ein periode der det er fleire alvorlege ulykker enn elles i året. Det er baksida av sommarferie, det er fleire dødsulykker i sommarmånadane. I juni var det 14 drepne – det er det høgaste talet til no i år. Historia gjentar seg. Juli har begynt noko betre, seier Karlsen.

Artikkeltags