Skjerpar krava til dårleg skodde vogntog

STRENGARE: For å auke tryggleiken på norske vintervegar blir krava til vinterdekk for tunge køyretøy no skjerpa ytterlegare.

STRENGARE: For å auke tryggleiken på norske vintervegar blir krava til vinterdekk for tunge køyretøy no skjerpa ytterlegare. Foto:

Av

SAMFERDSLE: Å sikre at tunge køyretøy som køyrer på norske vegar er godt skodde for vinteren har i fleire år vore viktig for regjeringa. No blir krava skjerpa ytterlegare.

DEL

– Farlege vogntog skal bort frå norske vegar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Sidan 2014 har det vore påbode med vinterdekk på alle akslar for tunge køyretøy som køyrer på norske vintervegar.

No har samferdselsministeren bede Vegdirektoratet vurdere å stramme inn kravet til vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare etter mønster frå Tyskland. Der er det berre dekk som er merkte med såkalla «alpesymbol» som er godkjent, opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

I Tyskland er det påbode å bruke slike vinterdekk på drivande og styrande akslar. Her i landet skal det vurderast om alpesymbolet på vinterdekk bør utvidast til gjelde alle hjul på tunge køyretøy, inkludert hjula på tilhengar.

Artikkeltags