Vil at 16-åringar skal få køyre mopedbil

TRYGGARE: Tor André Johnsen synes det er tryggare med mopedbil for 16-åringar som med moped.

TRYGGARE: Tor André Johnsen synes det er tryggare med mopedbil for 16-åringar som med moped.

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: I dag må ein vere 18 år for å køyre mopedbil. Det vil Tor André Johnsen endre på.

DEL

Samferdselsdepartementet vil at Vegdirektoratet skal sende på høyring eit forslag som senkar aldersgrensa for å køyre mopedbil frå 18 til 16 år.

– Eg meiner at det heilt klart er ein fordel om 16-åringar kan få køyre mopedbil, seier Tor André Johnsen, vegpolitisk talsmann og stortingsrepresentant for Framstegspartiet.

I ei pressemelding seier han at det vil gi dei meir erfaring, betre køyreferdigheiter, og at ein kan lese og forstå trafikken betre, slik at overgangen til ein vanleg bil vil bli enklare.

Mopedbilar går i dag under førarkortklasse M147 som gjeld tre- eller firehjuls moped. Samferdselsdepartementet ønskjer og at Vegdirektoratet skal lage eit forslag om at personar som har førarkort for traktor, kan få M147-førarkort etter å ha gjennomført eit sikkerheitskurs.

– Eg vil hevde at det er vesentleg tryggare og sikrare med ein mopedbil enn ein moped. Eg ser ingen grunn til at mopedbilen ikkje skal vere tilgjengeleg for 16-åringar, seier Johnsen i pressemeldinga.

Artikkeltags