Gå til sidens hovedinnhold

MDG vil ha langt strengare reglar for oppdrettsnæringa

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Vil at næringa sjølv skal betale for å utrydde genforureina laks.

– Altfor lenge har norske politikarar lukka auga for dei øydeleggingane som følger av at næringa opererer slik den gjer i dag. No må ein ta grep før det er for seint.

Det seier Mariel Eikeset Koren i MDG Sogn og Fjordane i ei pressemelding. Moderpartiet Miljøpariet Dei Grøne har hatt landsmøte i helga, og representantar frå kyststrøka samla seg om ei rekke forslag til sterkare regulering av oppdrettsnæringa.

– Vi meiner at eit nytt, oppdatert kontrollregime for oppdrettsnæringa må ta inn over seg alle miljøproblem som næringa har skapt. Dagens kopar- og mikroplastutslepp kan ikkje halde fram og det kan ikkje aksepterast ein så stor dødelegheit på villfisk. Det verste er at dette berre representerer ein liten andel av dei miljømessige følgene av dagens oppdrettsindustri, held Eikeset Koren fram i pressemeldinga.

Dei meiner all oppdrettslaks må merkast, og at næringa må dekke kostnadane for alle tiltak som må settast inn for å utrydde genforureina laks i norske vassdrag.

– Det er også avdekka høg dødelegheit på reker, mellom anna som følge av dumping av avlusingsmiddel, noko som er fullstendig uakseptabelt. Det kan heller ikkje aksepterast at rømt oppdrettslaks sakte men sikkert, øydelegg villaksstammane sine lokalt tilpassa genar.

Forslaga frå representantane kjem i tillegg til MDG sin allereie vedtatte politikk på området, og er sendt vidare til partiet si Stortingsgruppe.

Les også

Lakseoppdrettarar tente 27 milliardar på fri bruk av norske fjordar

Les også

Fryktar oppdrettsanlegg skal øydelegge Vadheimsfjorden

 

Kommentarer til denne saken