– Regjeringa skuffar om rettferdig nettleige

SKUFFA: Tore Storehaug og eit samla storting bad om meir rettferdig nettleige, men blei ikkje lytta til.

SKUFFA: Tore Storehaug og eit samla storting bad om meir rettferdig nettleige, men blei ikkje lytta til. Foto:

SAMFUNN: Bad om meir rettferdig nettleige, men er ikkje blitt høyrt.

DEL

Eit samla Storting bad om meir rettferdig nettleige, men meiner dei ikkje er blitt høyrde i statsbudsjettet.

– Regjeringa skuffar om rettferdig nettleige, seier Tore Storehaug, stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane (KrF) og medlem av energi og miljøkomiteen i ei pressemelding. 

Storehaug meiner det ikkje har kome forslag til endringar.

– Regjeringa må slutte å trenere og gøyme seg bak skiftande argument. Eit samla Storting har sagt kva vi vil ha, og det er ikkje det vi har fått.

Store prisforskjellar

For eitt år sidan løfta mellom anna Tore Storehaug eit forslag om ei meir rettferdig nettleige.

Dette stilte seinare eit samla storting seg bak. I mai stod partia samla og meinte at dagens løysing slår ut feil, særleg i kraftproduserande område.

– Prisforskjellane er i dag store, og i særskilde område på Vestlandet og i Midt- og Nord-Noreg betalast det nettleige som er betydeleg over snittet i landet. Rettferdig nettleige ville ikkje gitt eit stort påslag for dei som betalar minst, men vil bety mykje for dei som betalar mest, seier Storehaug i pressemeldinga.

Han er ikkje imponert over at regjeringas argument for å ikkje gjere noko.

Vil ikkje gi opp kampen

NVE har også sagt at ein kan sikre kostnadseffektivitet med ei lik nettleige, men at «dette er ei svært omfattande og krevjande oppgåve».

– NVE seier at det kan vere naudsynt med endringar i regelverket for å sikre kostnadseffektiv drift ved utjamna nettleige. Det er ikkje eit argument mot rettferdig nettleige. Då få vi gjere desse endringane og sikre eit meir rettferdig system, seier Storehaug.

Han er ikkje innstilt på å gje opp kampen for ei rettferdig nettleige.

– Så lenge vi held fram på eit urettvist system vil det vere kraftproduserande område og distrikta som taper. Det er eit fleirtal på Stortinget som er einige med KrF om at dette er noko som må ryddast opp i. Dette er ikkje ei sak som vi gir oss på no, seier Storehaug.

Artikkeltags