Fylket får mange millionar

Gunhild Berge Stang er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre.

Gunhild Berge Stang er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Venstre og KrF har fått gjennomslag for 60 millionar i auka tapskompensasjon for fylkeskommunane. Dette er eit resultatet etter budsjettforhandlingane mellom regjeringa og samarbeidspartia.

DEL

 – Auka tapskompensasjon er avgjerande for å kunne gi ungdom i Sogn og Fjordane eit godt vidaregåande skuletilbod. Dette har vore sak nr. 1 for Sogn og Fjordane Venstre, og eg er letta over at vi har fått gjennomslag for dette i budsjettforhandlingane, seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang.

Venstre sine stortingsrepresentantar Sveinung Rotevatn og Andre Skjelstad har jobba godt i saka og sørga for at vi kom i mål i desse viktige saka, legg ho til i ei pressemelding.

Millionane er i tråd med den opptrappinga av tapskompensasjonen som fylket har foreslått. Det minskar tapet som fylket får på grunn av det nye inntektssystemet.

Årleg kamp

Venstreleiar i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang, seier til Firda at det er andre året på rad at Venstre og KrF har forhandla denne kompensasjonen fram.

– Eg skulle ønske at regjeringa følger opp dette kvart år, slik at vi slepp desse årlege rundane i budsjettforhandlingane. Eg håpar no at regjeringa også blir med på ein merknad om at ordninga held fram dei neste tre åra, i staden for at vi skal ta kampen kvart einaste år. Det vil vere svært viktig for fylkeskommunen si økonomistyring, seier Stang og legg til:

 – Dette handlar om at vi i størst mogleg grad skal kunne ta vare på kvaliteten i den vidaregåande skulen og unngå drastiske og ureversible kutt i andre viktige tenester for folk i Sogn og Fjordane.

Fylkesordførar Jenny Følling seier til Firda at Sogn og Fjordane fylkeskommune ser ut til å komme ut om lag som budsjettert når dei 60 millionane kjem til.

Fengsel er fanesak

– Vik fengsel har lenge vore ei fanesak for Venstre, heilt sidan Odd Einar Dørum sikra framtida til fengselet i si tid som justisminister. Dette handlar om å bygge ut statlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane og gjere fylket vårt meir attraktivt som arbeidsmarknad for ungdom, seier Stang.

Sveinung Rotevatn (V) har også sendt ut ei pressemelding. Der skriv han:

– No er det omsider klart at Stortinget ønsker ei utbygging av fengselet i Vik. Det kjem fram gjennom eit såkalla anmodningsvedtak der dei ber regjeringa kvalitetssikre prosjektet med tanke på utbygging. Dette har vi i Venstre jobba for i heile haust, og vi er glade for at stortingsfleirtalet no er med på laget. Fengselsutbygginga vil bidra til å få ned soningskøen, og bidra med viktige arbeidsplassar i regionen, seier Rotevatn.

Gunhild Berge Stang seier til Firda at ei utbygging av Vik fengsel kan bety 20 nye arbeidsplassar i Vik, noko som vil gje store ringverknader for Vik og regionen elles, avsluttar Stang.

Artikkeltags