Torpederte draumen om storfylke på Vestlandet

SPLITTA: Tre fylkesordførarar. Frå venstre Jenny Ellaug Følling (Sp - Sogn og Fjordane), Anne Gine Hestetun (Ap - Hordaland) og Solveig Ege Tengesdal (KrF - Rogaland).

SPLITTA: Tre fylkesordførarar. Frå venstre Jenny Ellaug Følling (Sp - Sogn og Fjordane), Anne Gine Hestetun (Ap - Hordaland) og Solveig Ege Tengesdal (KrF - Rogaland). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Med stort fleirtal vedtok Fylkestinget i Rogaland å halde fram som eige fylke.

DEL

Rogaland ønskjer å halde fram som eige fylke. Når stortinget har sagt sitt, og det er avklåra kva nye oppgåver som skal flyttast til regionane, vil Rogaland vurdere om det er grunnlag for å søkje samanslåing med Hordaland.

Det er essensen i eit samrøystes vedtak i fylkestinget i Rogaland.

For seks dagar sidan sa Fylkestinget i Sogn og Fjordane med 19 mot 11 røyster ja til Vestlandsregionen.

Etter Rogalands nei, gjeld ikkje lenger den forhandla fram intensjonsavtalen for samanslåing av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Det stadfestar Jenny Ellaug Følling; fylkesordførar (Sp) i Sogn og Fjordane.

– Eg er ikkje veldig overraska over vedtaket vart som det vart i Rogaland. Når Rogaland no har sagt nei til å vere med i ein stor Vestlandsregion, gjeld Sogn og Fjordane fylkesting sin plan B om å søke å få til ei samanslåing med Hordaland. Der vil òg Møre og Romsdal bli invitert til å vere med, seier Følling.

Tidlegare i dag vedtok eit stort fleirtal i fylkestinget i Møre og Romsdal at fylket skal halde fram som eigen region i framtida òg.

I morgon skal Fylkestinget i Hordaland seie sitt om ein stor region på Vestlandet.

Følling vil ikkje spekulere i om Sogn og Fjordane risikerer å bli ein kasteball som vert plukka frå kvarandre og delt mellom andre fylke, slik Frank Willy Djuvik (FrP) fryktar.

– Eg vil ikkje ta ein diskusjon langs dei linene. Fylkestinget er tydeleg på at Sogn og Fjordane greier seg best ved å vere samla, anten etter ei samanslåing med eitt eller fleire fylke, eller at vi held fram åleine. Vi ønskjer ikkje å bli «mat» for andre fylke, avsluttar Følling.

Artikkeltags