Gå til sidens hovedinnhold

RV 15 over Strynefjellet inne på NTP igjen

Artikkelen er over 4 år gammel

SAMFERDSEL: Etter at fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen har lagt inn merknad, er vegen over Strynefjellet igjen inne i Nasjonal transportplan.

Innstillinga til komiteen vert lagt fram for Stortinget i dag.

Det er regjeringspartia (H og FrP) og samarbeidspartia (V og KrF) som har blitt samde om merknaden som no tek Rv 15 Strynefjellet inn i Nasjonal Transportplan 2018–2029.

Dei skriv i ei pressemelding at det dei no gjer er å følge opp grundige og doe innspel i høyringa til NTP frå tre fylkeskommunar, regionråd, kommunar og brukarar av dette viktige sambandet mellom aust og vest.

Merknader viser til at det er dårleg standard på vegen, og at ei løysing med lang tunnel og med ein mogleg fylkesvegarm til Geiranger, er den beste.

Alle dei fire partia her i fylket er godt nøgde med å ha fått til dette.

Stortingskandidat Frida Melvær (H) seier i ei pressemelding at dette er ein svært viktig eksportveg austover for næringslivet for store delar av Nordvestlandet.

– Vegen er rasfarleg og har alt for dårleg standard til å fylle denne rolla. Særleg gjeld dette for tunnelane, seier Melvær.

Venstre sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er samd:

– Som fast bilist over Strynefjellet veit eg veldig godt kor stor trong det er for opprusting. Eg er glad for at vi har funne fram til offensive formuleringar i Stortinget, som peikar ut vegen framover.

Britt Dalsbotten (FrP) legg heller ikkje noko mellom:–Dagens standard er ikkje haldbar og noko må gjerast, det er det stor semje om. Sidan tunnelane på vegen ikkje lever opp til kommande forskrift for tunneltryggleik–hastar det, seier Dalsbotten.

Også KrF peikar på næringslivet:–Eg er glad samarbeidspartia har klart å få på plass ein god merknad om Strynefjellet. Dette har vore eit av prosjekta som har vore viktige for oss, og handlar mykje om å kople næringslivet i Nordfjord og Sunnmøre nærare marknadane, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug.

Kommentarer til denne saken