KrF har sikra 20 millionar til oppstart av Stad skipstunnel

Illustrasjon: Snøhetta / Kystverket

Illustrasjon: Snøhetta / Kystverket Foto:

SELJE: KrF har i budsjettforhandlingane med regjeringspartia Venstre, Høgre og Framstegspartiet vorte samde om å løyve 20 millionar kroner til oppstart av Stad skipstunnel.

DEL

Det skriv ordførar Stein Robert Osdal (KrF) i ei pressemelding tysdag kveld.

Han meiner, ikkje uventa, at Stad skipstunnel har livets rett. Prosjektet har noregsrekord i utgreiingar, og Osdal meiner at dagens vedtak er eit resultat av at eit samla næringsliv på Vestlandet har støtta prosjektet.

– Eg er glad for at KrF tok den ballen, og fekk gjennom ei god løysing med regjeringspartia i dag, seier Osdal.

Han understrekar likevel at dei ikkje er i mål.

– Vi må sikre vidare framdrift på dette prosjektet. Vi håpar at det blir gjennomført i tråd med planane til Kystverket, med byggestart i 2021. Vi vil ikkje gje oss før det er hol i fjellet, seier Osdal.

Artikkeltags