Pelsdyrbønder får full kompensasjon for å avvikle drifta: – No kan det bli slik vi vil ha det

Regjeringspartia og Frp er einige om at pelsdyrbønder skal få full kompensasjon for å legge ned drifta si innan 2025. Det kan koste frå 1,5 til 2 milliardar. Saka vart presentert og debattert under eit møte på Stortinget med fleire pelsdyrbønder til stades.