Som ei lita verksemd som er avhengig av å ha lønsemd for å kunne trygge arbeidsplassane ber eg Krf lokalt påverke partiet sitt retningsval.

Vi har i dag ei ikkje-sosialistisk regjering som lever på KrF si nåde. Det er ein del eg meiner regjeringa burde ha gjort som dei enno ikkje har gjennomført. Likevel er eg skeptisk til kva alternativet er.

Om Krf no peikar på ei regjering på venstresida med støtte av Sosialistisk Venstreparti (SV) i Stortinget – kan små- og mellomstore verksemder som oss vente oss usikre tider. Det betyr at fleire arbeidsplassar blir utrygge.

Svaret på å få fleire ut i arbeid – er ikkje å skattlegge verksemdene meir. Svaret på å få fleire distriktsarbeidsplassar – er ikkje å auke offentleg forvaltning.

Svaret på å skape fleire trygge arbeidsplassar i heile landet – er å la oss verksemdene betale mindre i skatt. Då kan verksemdene og tilsette fleire.

Svaret er å få vekk den delen av byråkratiet som berre fordyrar vår verksemd. Svaret er å forenkle lovar og reglar. Svaret er å bruke private krefter der dei kan. Ved eit ev. skifte av regjering over til venstresida blir det skapt usikkerheit om dei pågåande prosessane – til dømes kommunereforma.

Eg håpar våre lokale Krf-representantar kan snakke godt med si eiga partileiing m.fl. – og overtyde landsmøtet 2. november om å peike på ei framleis ikkje-sosialistisk regjering.