108 tillitsvalde og lokalpolitikarar vurderer å forlate KrF

Av

POLITIKK: 108 tillitsvalde og lokalpolitikarar som i dag held partiet i gang på lokal- og fylkeslagsnivå, vurderer no å melde seg ut av partiet,

DEL

Det skriv NRK.

Statskanalen sende ei SMS-undersøking til 1.617 KrF-arar i verv, og fekk svar frå rundt 60 prosent. Der kjem det fram at heile 108 av dei tillitsvalde vurderer å melde seg ut.

– Om KrF går inn i regjeringa, trur eg ikkje at KrF lenger er noko parti for meg. Blir vi med, melder eg meg ut, seier kommunestyre­medlem Ole Tom Guse i Forsand kommune.

Undersøkinga viser også at det er usikkerheit blant KrFs styremedlemmer, sekretærar og andre som er i verv i partiet. Mange av dei trekker fram eit mogleg samarbeid med Frp som spesielt problematisk.

Det har vore stor bevegelse i medlemstala i KrF sidan landsmøtet førre veke, då den blå sida i partiet vann over avtroppande partileiar Knut Arild Hareide. Sidan har 850 medlemmer meldt seg ut av partiet. Det er uvisst kor mange av dei som var tillitsvalde eller folkevalde.

Artikkeltags