Studentar skal få èin månad ekstra stipend

Studentar kan glede seg over elleve månader med studiestøtte. I dag er det berre ti. Her frå studiestart i Førde i år.

Studentar kan glede seg over elleve månader med studiestøtte. I dag er det berre ti. Her frå studiestart i Førde i år. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Men dei som er i gang med arbeidslivet må slite med meir rente på studielånet.

DEL

Regjeringa har føreslått om å gi studentar elleve månader studiestønad gjennom året. I dag får dei stønad i ti månader.

Regjeringa vil gradvis innføre dette i løpet av fire år. Kostnaden ved full innfasing av 11 måneders studiestøtte i 2020 vil bli om lag 600 millionar kroner, skriv regjeringa i forslaget.

Det er også forslag om å avvikle reisestipendet til reiser i Norge og Norden. 

Medan dagens studentar kan vente seg ein ekstra månad med stipend, vil dei som er ferdig utdanna få høgare rente på lånet sitt. Studielånet vil auke med 0,35 prosentpoeng.

Artikkeltags