DEBATT: EØS-avtala = verdiskapinga i distrikta

Av
DEL

Meiningar 

Det er eit enormt paradoks at sjølvoppnemnde distriktsparti vil ta den viktigaste marknaden til distrikta frå dei. EØS-avtala gjev føretaka i Sogn og Fjordane fullt tilgjenge til ein marknad med 500 millionar europearar. Utan dette tilgjenget mister føretaka våre eit viktig konkurransefortrinn. Då vil distriktsarbeidsplassar gå tapt. 

Om lag 80 prosent av all norsk eksport går til EU/EØS-området. EØS-avtala sikrar norske føretak same tilgjenge til den europeiske marknaden som føretak frå EU sine medlemsland har. Det tyder at Noreg, med våre fem millionar innbyggjarar, får tilgjenge til ein heimemarknad med 500 millionar europearar. Det er avgjerande for ein liten og open økonomi som vår, at føretaka kan selje varene dei produserer til ein marknad som spør etter kompetansen deira.

Årskonferansen til NHO har i år temaet «Vi og verda». I ei verd som vert stadig meir uroleg, er dette rett tidspunkt å diskutere norsk næringsliv i ei ny tid. Sidan ein fjerdedel av eksportverdiane i 2017 gjekk til Storbritannia, vil spesielt Brexit påverke Noreg i tida framover. Difor er det viktig at regjeringa held fram den gode kontakten vi har med britiske styresmakter, og sikrar Noreg ein like god eller betre avtale med Storbritannia som den dei får med EU.

Tala frå NHO illustrerer kor viktig EØS-avtala er for Sogn og Fjordane. Mesteparten av verdiane som føretaka eksportar herfrå går til EU/EØS-området – heile 75 %. Det tollfrie tilgjenget og andre avtalar opp mot den europeiske marknaden gjennom EØS-avtala, er avgjerande for arbeidsplassane i Sogn og Fjordane. Utan EØS-avtala ville føretaka våre måtte ta omsyn til tollbarrierar og køar i kontrollar slik som føretaka i til dømes Sverige, Finland og Danmark slepp. Dette ville hemme konkurransekrafta vår og føre til færre arbeidsplassar.

Dette er ikkje det einaste som EØS-avtala sikrar oss. I tillegg til at vi kan konkurrere på same vilkår som alle andre europeiske land, gjev han oss òg tilgjenge på utveksling av arbeidsfolk, studieplassar, store midlar til forsking og utvikling og saumlaus reising mellom landa.

Parti som kallar seg sjølv distriktsparti, og samstundes vil fjerne tilgjenget til føretaka til den viktigaste marknaden sin, har ikkje forstått at verdiskaping er det som held distrikta levande og attraktive. Tanken om at Noreg skal kunne reforhandle EØS-avtala, og få ei betre avtale, manglar rot i verkelegheita. Når ikkje eingong stormakta Storbritannia får EU med på det dei ønskjer – korleis i all verda skal Noreg klare det?

Vi er eit høgteknologisk land med høge lønskostnadar og ei stor eksportnæring. Vi kan ikkje vere billigast, men vi kan vere best. Det er eit fortrinn vi må bruke for alt det er verd. Utan fritt tilgjenge til den europeiske marknaden mister føretaka eit avgjerande konkurransefortrinn, og det vil gå utover verdsskapinga. Noreg har mange dyktige kvinner og menn som skapar verdiar og arbeidsplassar ved å selje verda og Europa varene dei spør etter. 

EØS-avtala sikrar denne verdiskapinga i Sogn og Fjordane, og er difor god distriktspolitikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags