Her seier dei farvel til eige fylke

HISTORISK: Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sa onsdag ja til Vestlandsregionen. Her reiser nei-sida hendene, men i mindretal.

HISTORISK: Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sa onsdag ja til Vestlandsregionen. Her reiser nei-sida hendene, men i mindretal. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Sjeldan har fylkestinget gjort eit så historisk vedtak. Onsdag opna eit stort fleirtal i fylkestinget for å legge ned sitt eige fylke og bli ein del av Vestlandsregionen.

DEL

Vedtaket vat gjort med 19 mot 12 røyster, til intense protestar og åtvaringar frå Senterpartiet, og medan Liv Signe Navarsete skreiv opprørte innlegg på Facebook, og fekk harmdirrande svar frå Aps Hilmar Høl på fylketingets fremste benkerad.

Allereie tapt

Men Sps kamp var tapt på førehand. Partiet fekk med seg SV og MDG som motstandarar, og Sps eigen fylkesordførar Jenny Følling var motstandar mot regionreforma i prinsippet. Men Følling følgjer lojalt opp fylkestingsvedtaket og seier ho vil gjere det ho kan for at Vestlandsregionen skal bli realisert.

Sps motstand og frykt for at Sogn og Fjordane skal bli veslebror og tapar i Vestlandssamanslåinga har vore vel kjend. Det har også Aps, Høgres, KrF og Venstres tru på at Vestlandet kan bli ei motmakt mot Oslo, og at åleinegang kan vere risikosport med stort fare for å bli partert og gitt bort til andre, i ei regionreform Stortinget verkar bestemt på å gjennomføre.

Vekkingstonar

Men eitt spørsmål som har stått ope fram til fylkestingseta,  var kva Frp ville gjere. Det etterlet onsdagens fylkestingsdebatt ingen tvil om. Gruppeleiar Frank Willy Djuvik i partiet som er prinsipielt mot regionar, og som fram til måndag heldt heilt ope kva dei ville røyste for, svinga seg til verbale høgder som regiontilhengar, i ei grad som fekk KrFs Trude Brosvik til å seie at slike vekkingspredikantevner hadde ikkje ho.

– Vestlandsidentiteten har ingen ting med grenser å gjere, sa Djuvik, som la til:

– Det er heilt avgjerande at vi klarer å stå samla på Vestlandet. Vi kan ikkje vente på at nokon i Oslo gir makt og oppgåver til oss. Dette er noko vi må ta, sa Djuvik, som avslutta innlegget sitt med å lese deler av teksten i songen «Vestland, Vestland».

Nynorskkravet

Nynorskkravet står fast, og KrF-Brosvik var allereie inne i diskusjonen om namnet på den nye regionen. Venstres Gunnhild Berge Stang var overtydd om at regionar kan gjere ein forskjell, der små fylke kjem til kort, og Aps gruppeleiar Åshild Kjelsnes sa det var heilt uaktuelt å legge seg på ei isolasjonsline, medan regionreforma rullar og går. Men også Ap vedgjekk at det er negativt at det enno ikkje er klarlagt kva oppgåver som skal flyttast ut frå Oslo.

For Senterpartiet var denne historiske onsdagen ein dag full av uro og overtyding om at fylket vil ende opp som tapar, i sambuarskapen med Hordaland og Rogaland, og at ein misser kontrollen over milliardverdiar.

Høgt spel

Ikkje minst vart dette målbore av Aleksander Øren Heen:

– Det er eit høgt spel, og ein tek ein risiko. Det må de vere ærlege på. Eg ser ikkje kva vi skal løyse med denne regionen. Det ein er samde om, greier ein å løyse saman, uansett. Men korleis vil ein representasjon på ti prosent nå fram?  Då har vi inga stemme, og Bergen blir ein omveg til Oslo, sa Heen.

Heen var overtydd om at regjeringa ville ha gjort eit vedtak, og ikkje sett ned eit utval, om dei verkeleg hadde meint alvor med å flytte ut oppgåver. Han meinte også at fleirtalet rullar ut ein raud løpar for regjeringas sentraliseringspolitikk. Ikkje minst frykta Sp for dei vidaregånde skulane.

Det gjorde ikkje inntrykk på Aps Helen Hjertaas:

– Sp set seg inn i ein sjølvkøyrande bil, ser ut bakruta, tek med seg alle verdiane, og ser ikkje kven som køyrer.

Kva er gale med fylket?

Sps Anders Ryssdal spurde på si side om kva som var gale med Sogn og Fjordane, og både han og andre Sp-representantar snakka med eit lite håp i røysta om at det kan bli ein ny situasjon, dersom Rogaland hoppar av. Fleirtalsvedtaket opnar på si side for å forhandle med Hordaland, og å ha ei opa dør til Møre og Romsdal, om så skjer.

Skuffa over Ap

Ap fekk høyre at Sp var skuffa over korleis dei vippa fleirtalet over til region-ja, og Sigurd Reksnes skulda sin raudgrøne samarbeidspartnar for å mangle overordna perspektiv og gjere knefall for sentraliseringskreftene.

– Vi står i fare for å bli tappa for arbeidsplassar og verdiar, sa Reksnes, og fekk svar frå Aps gruppeleiar Åshild Kjelsnes:

– Når skal de ta inn over dykk at SFE vil gå ut av vår kontroll, om vi blir plassert i ein annan region?

Artikkeltags