Reidar (22) har god grunn til å glise: Ap vart suveren vinnar av skulevalet

VANN SKULEVALET: Ap vann skulevalet i fylket, og i Sunnfjord. Det er Reidar Fugle Nordhaug frå Ap i Førde svært nøgd med.

VANN SKULEVALET: Ap vann skulevalet i fylket, og i Sunnfjord. Det er Reidar Fugle Nordhaug frå Ap i Førde svært nøgd med. Foto:

Stemmene frå årets skuleval er talde opp. På topp på fylkesplass fann ein Ap med 31,4 prosent av stemmene, noko som er deira beste resultat nokosinne.

DEL

Også i Sunnfjord gjorde partiet det skarpt. Der gjorde dei eit byks frå fjorårets 27,7 prosent, til 40,3 prosent. Samla på Hafstad VGS og Mo og Øyrane VGS fekk partiet 39,95 prosent av stemmene: 47,2 på Hafstad, og 32,9 på Mo og Øyrane.

– Det kan eg avsløre at vi er veldig nøgde med. Det viser at dei unge har tillit til Ap og ser til oss og vår politikk som den som har løysingane på det dei bryr seg om, seier Reidar Fugle Nordhaug, skuledebattant og kandidat for Arbeidarpartiet i Sunnfjord til Firda om resultatet.

Her kan du sjå resultata frå alle skulane i Vestland.

Fugle Nordhaug trur at kjernesakene deira lærlingplassar, skulemat og fleire lærarar var avgjerande for resultatet.

På spørsmål om han også trur det var ein X-faktor utanom politikken som løfta resultatet, svarar han følgande:

– Eg håpar jo sjølvsagt at eg gjorde ein god figur under debattane.

Sp vann Mo og Øyrane

Fugle Nordhaug representerte partiet under skuledebattane på Hafstad VGS og Mo og Øyrane VGS.

På sistnemnde skule måtte Ap derimot sjå seg slegne. Der vart Sp valvinnaren med 40,6 prosent av stemmene, mot Aps 32,9 prosent.

– Dette er jo ein skule som er delvis ein yrkesfagskule og ein landbruksskule, der Sp står sterkt. Men Sp sin debattant gjorde ein god figur under debatten der, det skal dei ha, seier Fugle Nordhaug.

Spent på kommunevalet

Han fortel at det no er godt å kunne gå inn i den avsluttande delen av valkampen med eit godt skuleval i ryggen.

– Klarer vi tilsvarande ved kommunevalet, då skal vi vere utruleg nøgde, seier han.

Han legg ikkje skjul på at det er spent stemning no i dei siste dagane før folk skal til valurnene.

– Eg trur at løpet no på slutten kan bli overraskande. Vi skal stå på til det siste.

Artikkeltags