Ap knuser Høgre på ny måling

Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet går markant fram på ANBs augustbarometer.

Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet går markant fram på ANBs augustbarometer. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Arbeidarpartiet går fram 4,2 prosentpoeng, og er no større enn Høgre for første gang sidan desember i fjor.

DEL

Det syner augustbarometeret Opinion har laga for Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Tala er særleg hyggeleg lesing for Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

– Vi har strevd med å få merksemd om politiske saker det siste halve året. Vi har fått gjennomslag for styrkt eldreomsorg, betre orden i arbeidslivet og for å avgrense dei kommersielle interessene i velferda. Men alt dette har komme i skuggen av intern støy, seier Støre til ANB.
I målinga får dei borgarlege partia 71 mandat, og fleirtalet ryk med klar margin. Den gamle raudgrøne blokka får 81 mandat, og treng dermed hjelp frå anten Rødt (10) eller MDG (8) for å sikre fleirtalet.

Høgre har vore Norges største parti på Opinions meiningsmålingar sidan desember i fjor. Den trenden er nå broten. Parlamentarisk nestleiar Svein Harberg seier at sjølv om dette er ein dårleg enkeltmåling, har Høgre ein positiv trend på målingane over tid.

– Det har vore ein sommar med lite norsk politikk i nyheitsbildet. Når vi snakkar om sakene vi likar å snakke om, pleier vi å få god oppslutning, seier Harberg.

Partiet Venstre er målt til 2,4 prosent. Det er det lågaste talet Venstre nokon sinne har blitt målt til på Opinions målingar.



Artikkeltags