Politikarane må bidra til å finne årsaka til at det er store mengder giftige kjemikaliar på branntomta på Sande

Det er funne store mengder PFOS (perfluoroktansulfonsyre) på nedre deler av branntomta på Sande. Kan det giftige stoffet komme frå skummet som vart brukt til å sløkke brannen?

Det er funne store mengder PFOS (perfluoroktansulfonsyre) på nedre deler av branntomta på Sande. Kan det giftige stoffet komme frå skummet som vart brukt til å sløkke brannen? Foto:

DEL

LeiarDette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Firda har den siste veka fortalt om Rudi Fureli på Sande som opplevde at livsverket sitt gå opp i røyk i 2011 og som ni år etter ikkje får selje tomta til ein utbyggar fordi den er ureina. Årsaka er at det er funne store mengder PFOS (perfluoroktansulfonsyre) på nedre deler av tomta. PFOS er ei fluorforbinding som vart forboden i 2007, fordi stoffet er helsefarleg.

Utifrå opplysningane som ligg føre er det ikkje mogleg å slå fast 100 prosent sikkert at ureininga i grunnen stammar frå slokkearbeidet i 2011. På same tid er det lite truleg at kjemikaliane i grunnen kjem frå ordinær drift av bensinstasjonen.

Men det er på det reine at det vart brukt store mengder skum til å sløkkje brannen i 2011. Og utifrå dei forklaringane som er presentert så langt er det også usikkert kva type skum som vart brukt. Mellom anna skal kommunen ha overtatt 200 liter med skum frå Avinor som kan ha stamma frå tida før denne fluorbindinga vart forboden.

Formannskapsmedlem i Sunnfjord Marius Dalin (MDG) krev no at kommunen går grundig til verks for å finne ut kor ureininga av bensinstasjonstomta på Sande kan komme frå. Han slår fast at ureininga som er funnen på tomta er heilt hinsides dei skummengdene kommunen seier at dei har brukt. Dei forklaringane som har vore lansert så langt er rett å slett eit tynt grunnlag å jobbe vidare med.

Og der står saka. Det er ikkje mogleg, utifrå dei opplysningane som ligg føre, å slå fast kva som gjer at ein av dei mest attraktive tomtene i Sande sentrum er svært forureina av eit giftig stoff. Kostnadene med å rydde opp er for store til at det lønner seg å bygge leilegheiter på tomta, og Rudi Fureli står att som den store taparen. Tomta blir ståande som eit ope sår i Sande og det er også risiko for at dei giftige kjemikaliane kan renne ut i elva.

Torsdag skal formannskapet diskutere saka. Då bør signalet frå politikarane vere at dei vil gi sitt bidrag til å finne årsaka til at branntomta på Sande har store mengder PFOS i grunnen. Det er for tidleg å slå fast at kommunen skal ta på seg ansvaret for oppryddinga, men Sunnfjord kommune må gjere sitt for at dette blir belyst på ein skikkeleg måte.

Kommunalsjef for teknisk og miljø i Sunnfjord kommune Øyvind Bang-Olsen, seier kommunen vil samarbeida med Rudi Fureli for å lage ein plan for opprydding av tomta. Det er ein god start på det som kan bli eit endeleg punktum for den dramatiske brannen på Sande i 2011.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken