– Vi ber folk i utsette område vere varsame og unngå å ferdast utandørs med mindre det er strengt naudsynt, skriv Jørgen Ommedal, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Fredag oppjusterte NVE flaumvarselet til raudt nivå for midtre og indre strøk av Vestland fylke. Å sikre liv og helse er politiet si viktigaste oppgåve i forbindelse med ekstremvêr.

– I tillegg skal vi hjelpe til med å sikre samfunnsinteresser. Vi overvaker situasjonen nøye og samarbeider med andre offentlege etatar, som andre naudetatar og kommunar, skriv Ommedal.

Det er høg risiko for skred, stor vassføring og flaum. Vegar kan bli stengde på kort varsel.

– Vi oppfordrar folk til å halde seg oppdatert om situasjonen gjennom media eller via varsom.no. Ved behov for akutt hjelp, kontakt politiet på 112.

Les meir om uvêret her: