Det seier Arne Nistad som var tilfeldigvis på Spar på Sande måndag kveld for å handle.
Politiet i Sunnfjord var på butikken og prøvde ut eit heilt nytt tiltak, der dei er ute blant for å høyre kva dei tenker. Tysdag stod politiet på servicestasjonen på Skei.
Nistad driv ei av dei store transportbedriftene i Sunnfjord, Nistad Transport. Han hadde mange klare meiningar om politiet i den nye storkommunen.
– Eg meiner heilt enkelt at det var betre før. Før så var politiet synleg, men no er dei berre i Førde og ein får aldri tak i dei når ein treng dei, seier Arne Nistad.
Odd Helge Vågseth er politikontakt i Sunnfjord kommune. Vågseth var på Spar på Sande for å høyre kva folk har på hjartet saman med Erik Lekven og Kristine Skilbrei.
– Det blir gjerne litt ris og ros. Men det er viktig å komme i kontakt med folk, seier Vågseth.
– Må vere meir synleg
Ei av dei sentrale klagene til Nistad er at politiet ikkje er synlege utanfor Førde.
– Det har ein preventiv verkand om politiet er synlege. Eg vil ikkje at dei skal berre reise rundt å ha laserkontrollar, dei må gjere andre ting også, seier Nistad.
– Eg føler også at dei ikkje er tilgjengelege når vi har bruk for dei. Ein anna ting er at; skjer det ei ulykke så er dei, dei siste som er kjem på plassen. Det har vi erfart. Eg er ikkje heilt fornøgd med politiet slik det er i dag, legg han til.
Mange små lokalkontor har blitt lagt ned. Dette meiner Nistad er eit stort problem.
– Ein må jobbe lokalt, ein må kjenne ungdommen og ein må kjenne folka som bur der. Om ein treng politiet i helgane for eksempel, så er det Florø eller ein eller anna stad langt vekke som skal hjelpe. Eg vil vi skal tilbake til slik det var før, då jobba politiet meir lokalt, seier Nistad.
Ønsker meir kontakt med folk
Politiet er ofte ute og møter folk, men det er første gongen politiet møter folk på måten dei gjorde på Spar tysdag. No vil politikontakten sjølv sjå kva politiet i Sunnfjord kan lære ved vere meir ute blant vanlege folk.
På kritikken Nistad kjem med seier Vågseth at politiet tek alle innspelt seriøst og at han vil ta med seg alle innspelt vidare til leiininga i politiet.
– Vi ville høyre om det er noko folk ville ta opp med politiet. Det kan vere alt mellom himmel og jord innafor det arbeidet vi gjer i politiet. Det er spennande å komme ut å høyre kva folk har på hjartet, seier han.
Vågseth håpar at tiltaket skal senke terskelen for folk flest å snakke med politiet om ting dei meiner treng merksemd.
– Terskel for å komme til politistasjonen og snakke med oss er kanskje høg for enkelte, men om vi står her på Spar, så er det lettare, seier han.
– Bra tiltak
Håkon Langeland var også på butikken for å handle. Han meiner det er eit godt tiltak av politiet å vere ute blant vanlege folk.
Han går ikkje så langt som Nistad, men Langeland er einig med Nistad at politiet ikkje er synlege nok.
– Det er ikkje så ofte politiet er ute blant folk, så eg trur det er eit bra tiltak dei gjer no, seier Langeland.
– Dei kunne nok å vist seg meir, men dei har no dukka opp når eg har hatt behov for dei. Men då eg køyrde langtransport var det ein del gongar der eg ringde dei når eg har hatt mistanke om fyllekøyring, då har eg fått beskjed at politiet ikkje kjem til å sende nokon ut, legg han til.
Han seier hendinga då han observerte fyllekøyring var ikkje Sunnfjord kommune.

Éin ting ser butikksjefane i Førde at kundane tenker meir over når dei handlar
