Det seier operasjonsleiar Stein-Rune Halleraker i Vest politidistrikt litt før klokka 22.00.

Laurdag kveld fekk politiet melding om at glaset i ei inngangsdør til eit bustadhus i Florø var knust.

– Dei som bur i huset er bortreist, så det er ein nabo som har meldt frå om det som ser ut som eit innbrot, seier Halleraker.

Det er uvisst når innbrotet skal ha skjedd, men politiet meiner det kan ha samanheng med dei andre innbrota i Sunnfjord og Sogn dei siste dagane.

Natt til laurdag vart to rumenarar arresterte mistenkt for ugjerningane.

Politiet er no framme på staden og vil gjennomføre undersøkingar utover kvelden, opplyser Halleraker.