Utrykkingspolitiet i Nordfjord hadde fredag åtferdskontroll på rv. 15 ved Haugen.
Ein førar vart bøtelagd for ikkje å ha brukt bilbelte, medan fem andre vart tatt for bruk av mobil under køyring.
Terje Oksnes, Up-sjef i Sør-Vest og Vest politidistrikt, har tidlegare uttalt at politiet ser at færre sit med telefonen inntil øyret, men at blikket heller går ned i fanget og det som skjer på mobilen.
– 25 prosent av mobilbruken er til samtalar. Resten går vekk til Snapchat, internett og «you name it».
Prikkbelastning vart innført 1. januar 2019 fordi mobilforbodet i svært liten grad blir respektert. Om du blir tatt for bruk av mobil når du køyrer, ventar ei bot på 1700 kroner og to prikkar i førarkortet, alternativt fire i prøveperioden.
