Gå til sidens hovedinnhold

Politiet stoppa mann i trettiåra og fann narkotika i bilen

Artikkelen er over 2 år gammel

Etter å ha observert eit køyretøy i Gaular, fann utrykkingspolitiet grunn til å stoppe bilen.

Føraren, ein mann i trettiåra, er mistenkt for å køyre i ruspåverka tilstand. Han er køyrd til legevakt for å ta blodprøve.

Politiet fann også narkotika i bilen. Det blir oppretta sak.