Politiet avslutta to heimefestar i Førde natt til søndag, opplyser innsatsleiar Øystein Russenes ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Naboar var plaga av festbråk og melde frå.

Den første var i ferd med dovne av og bli avslutta av seg sjølv då politiet kom fram like før midnatt.

Den andre festen var i full sving då politiet vart varsla klokka 01.20, og aktivitet og støy var på eit slikt nivå at politiet avslutta festen.

Vald på hotell vert etterforska

Litt før klokka tre vart politiet varsla om ei valdshending på Scandic Sunnfjord Hotel, som hadde skjedd før på natta.

– Vi vurderer å opprette ei sak på dette, men må undersøke meir kva som ha skjedd og alvorsgraden, seier Russenes.

Han vil ikkje seie meir om kva som skjedde.

Knuffing i Florø

Både i Førde og Florø var det ein god del folk ute på byen den siste helga før jul.

I Florø fekk politiet melding om knuffing i sentrum, men dette vert ikkje vurdert som vald, seier Russenes.