Politiet rykte ut til ordensforstyrrelse i Førde laurdag morgon

POLITINATTA: Ueinigheter, klatring på altan, hjortepåkøyrsle og meir i fylket vårt i natt.

DEL

Politiet rykker ut til ordensforstyrrelse i eit hus i Gardsstølsvegen laurdag morgon klokka 08.30.

– Vi har ein innringar som først meldte om skrik og bråk og høg musikk frå første etasje i eit hus i Gardsstølsvegen klokka 03.00 i natt, seier operasjonsleiar Terje Magnussen, ved politiets operasjonssentral.

Klokka 06.30 ringde vedkommande politiet igjen, og klaga på høg musikk frå det same huset.

– Vi fekk endå ein telefon om at det ikkje hadde roa seg litt før klokka åtte i dag, så no sender vi ein patrulje til staden for å sjekke ut kva det er som står på, seier Magnussen.

Rusa klatrar

Elles hadde politiet rykt ut i Sogndal i natt etter melding om ein person som klatra på ein altan.

– Vedkommande var klatra ned før politiet kom, men patruljen fekk snakka med han, seier Magnussen.

Det viste seg at klatraren opphavleg var frå Bergen, og at han hadde teke feil av kvar han skulle då han enda opp med å klatre på nokon ukjende sin altan.

– Personen var rusa. Han tok inn på eit hotell for natta, så alt er ok, seier Magnussen.

Usemje på Eid

Utanfor kjøpesenteret Alti på Nordfjordeid rykte politiet ut til ei ordensforstyrrelse natt til laurdag.

– Her var det fem personar som var ueinige. Dette løyste seg greitt etter at patruljen dukka opp og det ser ut for at det ikkje blir nokon meldingar, seier Magnussen.

Ved Økslandsvatnet mellom Sande og Vadheim blei det meldt om ein hjortepåkøyrsel i natt. Her tok viltnemnda over saka.

Artikkeltags