Politiet rykte ut til fleire festar

Det har vore ei travel natt for politiet.

DEL

Politiet måtte rykke ut på fleire festar i kveld, i både Måløy og Florø.

– Det har vore ei veldig travel natt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Klokka 00.40 fekk politiet inn si første melding frå Sogn og Fjordane. Der blei det meldt om fest og råkøyring på Brandsøysundet utanfor Florø. Patruljen var på staden og dempa støynivået.

I Måløy måtte politiet rykke ut til ein bubilcampingplass etter dei fekk inn melding klokka 02.38 om fest og høg musikk. Politiet avslutta festen.

Klokka 03.26 fekk politiet inn endå ei melding om festbråk i Florø. Patruljen måtte igjen rykke ut, og avslutta to festar.

– På den eine adressa vart ein person meldt for å ha forulempa ein tenstemann, fortel innsatsleiar Synnøve Domben til Firda.

Politiet rakk ikkje rykke ut på alle meldingane dei fekk inn i løpet av natta. Mellom klokka 23.00 og 05.30 vart det registrert 65 oppdrag relatert til festbråk og forstyrring av natteroa i Vest politidistrikt.

Artikkeltags