Gå til sidens hovedinnhold

Politiet rykte ut til feststøy

Julefreden har senka seg og politiet fekk ei relativt roleg natt til andre juledag.

– Klokka 00:36 fekk vi melding om høg feststøy og musikk på ei adresse i Høyanger. Når politiet kom fram var det stille, og dei fleste festdeltakarane hadde forlate festen. Dei fekk pålegg om å dempe seg, noko dei følgde, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

Elles har det vore ei stille og roleg natt i Sogn og Fjordane.