Gå til sidens hovedinnhold

Politiet rykte ut etter meldingar om mykje røyk i Sogndal

Skal vere røyk frå ei flytebrygge.

Tidleg søndag ettermiddag, klokka 13.40, melder politiet om røykutvikling frå ei flytebrygge i Sogndal, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Det er uvisst kva som brenn, melder dei. Politi og brannvesen er på veg.

Like etter den første meldinga, viste det seg å vere ein eingongsgrill som hadde teke fyr.

Det skal ha vore mykje røyk frå grillen.

– Det var ikkje noko dramatikk. Det er truleg nokon som har observert røyken på avstand og varsla, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Politiet har reist frå staden og utrykkinga er avslutta.

Kommentarer til denne saken