Politiet opnar for politimeldingar og pass

Til å begynne med opnar politiet i Sogn og Fjordane fire stader.

DEL

– Regjeringa har bestemt at politiet delvis skal opne for publikumsbesøk på politistasjonar og lensmannskontor. For Sogn og Fjordane har vi bestemt at fore kontor skal opne frå og med onsdag, seier leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen.

Dei fire som opnar er: Stad lensmannskontor, Florø politistasjon, Førde lensmannskontor og Sogndal lensmannskontor.

Dei vil alle vere opne frå klokka 09.00 til 14.00.

Må ha avtale

Johannesen skriv i pressemeldinga at alle som møter hos politiet i opningstida må ha avtale.

Dei fire kontora vil vareta dei nasjonale krava til kva publikum kan få gjennomført hos dei. Det er først og fremst å levere politimeldingar, ordne pass og så ta seg av utlendingssaker der utsetting vil få negative konsekvensar.

Johannesen seier politiet ser fram til å ønske publikum velkommen tilbake.

– Men vi vil likevel presisere at alle ting som kan løysast via telefon eller digitale løysingar er bra når vi framleis skal ha fokus på minst mogleg smittespreiing, seier Johannesen.

Artikkeltags