Politiet og tingretten stengjer for publikum

STENGT: Politiet stengjer no for publikumstenester, som følgje av Korona-viruset. Biletet syner Førde og Naustdal lensmannskontor.

STENGT: Politiet stengjer no for publikumstenester, som følgje av Korona-viruset. Biletet syner Førde og Naustdal lensmannskontor. Foto:

Av

Skal du noko på politikontoret må du vente til torsdag 26. mars. Det er ikkje sikkert at du slepp til då heller. Også tingretten stengjer.

DEL

Tenester som pass, levering av meldingar, og utlendings- og våpensaker blir ramma når politiet fredag stenger alle publikumstenester på grunn av koronaviruset. i Tillegg skal politiet redusere mengda avhøyr.

I ei pressemelding frå Politidirektoratet fredag morgon ber assisterande politidirektør Håkon Skulstad om forståing for at politiet må sikre god beredskap i heile landet og ta smittevernomsyn.

Stengjer for publikum

Frå fredag morgon blir alle ikkje-kritiske publikumstenester som krev fysisk oppmøte, stengde, førebels til og med torsdag 26. mars.

– Vi ber om at publikum tar kontakt med det lokale politiet sitt for å gjere nye avtalar fram i tid. Når vi får meir oversikt over situasjonen, vil det bli lagt ut nye bookingtimar for pass. Publikum som har særlege behov som det må takast omsyn til, blir bedne om å kontakte politiet for å orientere om situasjonen sin, seier Skulstad.

Også interne tiltak blir varsla i politiet for å sikre beredskapsevna til etaten. Bruk av heimekontor, utvida karantene for tenestemenn som returnerer frå utanlandsreiser og reiseforbod til utlandet for utvalde medarbeidarar ut april. Dessutan blir rådd mot at tilsette i politiet tek unødige innanlandsreiser med kollektivtransport.

– Innføring av reiseforbod og fleire andre innstrammingar er nødvendig for å sikre at politiet held oppe den operative evna si, og at vi samtidig tar vare på det felles ansvaret vårt om å avgrense smittespreiing, seier Skulstad.

Også tingretten stengjer

Også Sogn og Fjordane tingrett gjer no tiltak. Dei stenger no for vanleg drift, og i første omgang gjeld dette for perioden 3. til og med 27. mars.

Som hovudregel vil det ikkje vere mogleg for publikum å møte opp fysisk i domstolen sine lokale i denne perioden, men dei utfører alt arbeid som ikkje inneber fysisk kontakt med publikum.

Dei som har ærend i domstolen vert oppmoda om å at ta kontakt på telefon 55694300 eller på e-post softpost@domstol.no.

Alle hovudforhandlingar og beramma rettsmøte som inneber fysisk frammøte i domstolen, vil i utgangspunktet bli avlyst i denne perioden. Alle involverte vert kontakta om dette.

Artikkeltags